Slik vil det sjå ut ved båthamna i Hervik, når det nye bygget står klart. Plasseringa kunne knapt blitt betre.  
Illustrasjon: Berge Sag
Skjønnet er samrøystes: Haugaland Tingrett meiner kommunen må betale Skorpe. Avgjersla kan ankast til lagmannsretten.

Hit, men ikkje lengre

I vinter skreiv Tysvær Bygdeblad om bebuarane ved Krabbatveitvegen som er lei av råkjøring og ønskjer vegen stengt. No skjer det.

– Me har gjort vedtak om stenging. Verken Vegvesenet eller politiet hadde motsegn, og frå den 24. oktober kan skilt og bom komme på plass, fortel ordførar Sigmund Lier, då me er med han bort til vegen måndag formiddag.
Ulykkesveg
Tar ein av frå E39 inn på Krabbatveitvegen framover så kjem ein ikkje langt, for etter tjue, tretti meter kjem det ein bom. Det blir også skilta i begge endar av vegen. Kjem ein via Førland så vil ein med ein gong sjå at Krabbatveitvegen er einvegskjørt. Det er rett nok eit skilt der i dag, som varslar om gjennomkjøring forbode. Men dette har altså ikkje vore nok.
– Dessverre er det blitt varsla om ein del råkjøring her. For eit år sidan var det også ei ulykke her, der nokon hamna på taket, seier Lier.

Les heile saka i papiravisa