I rolla som Roy Orbison treff me operasongar Ole Morten Velde, her saman med Elsa Aanensen i Tysværtunet.
Foto: Mona Terjesen
Ådne Brathammer har festa det nye oppropet med kjetting i bokhandelen. No håper han og dei andre engasjerte naboane i Hervik at så mange som mogleg vil signere, slik at det blir ei folkeavstemming.

Må i kamp

Lars Magne Ullvang må i tvekamp i Farmen kommande søndag. Onsdag kveld fekk me sjå storbonde Lasse, sende sin største konkurrent ut i ilden.

Tre veker er gått og det går mot ein tredje tvekamp i tv-serien Farmen. To deltakarar har allereie tapt sine kampar og måtte forlate garden.
No står Lars Magne i fare. For onsdag kveld fekk me sjå kranglefanten Lasse velje førstekjempe.
– Eg vel den som eg ser som min største konkurrent her inne, og det er deg Lars Magne. Eg ønskjer ikkje å møte deg i noko som helst kamp, begrunna han valet sitt med.
22-åringen responderte med å endeleg seie si meining om den frittalande og dominerande storbonden.
– Me har ikkje vågd å seie noko fordi me har venta på dette valet, men no kan eg seie nokre ord om korleis eg har opplevd leiarstilen din, sa Lars Magne – og gav eksempel på episodar der Lasse har behandla – særleg eit par av damene ufint.
– Eg synst ingenting om det, poengterte Tysværguten.

Og det gjekk tydeleg innpå den harde storbonden, som blei våt i augekroken.
Etter oppgjeret fekk Lars Magne takk og klemmar av dei andre deltakarane.
– Eg kjem tilbake, lova padle-esset.
– Det er eg styggredd for, svara Lasse…