Finn Graff kjem til bLEST.
Finn Graff kjem til bLEST.

bLEST: Finn Graff gler seg

Første juledag fyller Noregs mest kjente avisteiknar, Finn Graff 78 år. Trass i sin godt vaksne alder er Graff framleis aktiv og
engasjert, og 28. oktober kjem han til bLEST.

– Eg gler meg veldig til å komme til Tysvær for å vere med på bLEST, og eg likar godt namnet dei har valt «bLEST». Det er ein fin tittel, seier Finn Graff.
I morgon vil han altså vere til stades då 10-årsjubilanten bLEST, går av stabelen i Galleriet i «Tunet». Der vil det også henge 30 av hans utvalte teikningar, nokre plakatar blir også for sal.
Graff blir intervjua av kunsthistorikar Holger Kofoed. Tysvær Kunstlag er medarrangør for opplegget.
Sjeldan utstilling
Finn Graff tar innover seg urett, maktarronganse og konfliktar i verda, og uttrykker dette i teikningane sine.
77-åringen frå Tyskland, har jobba som teiknar i over 50 år og byrja fast i Noregs fremste radikale kulturriksavis Dagbladet i 1988. Han har vunne ei lang rekke prisar, og er kjent for sine karikaturar og satiriske kommentarar innan både norsk og internasjonal politikk.
Det er sjeldan han har utstillingar, derfor sett komiteen stor pris på å få han til bLEST.
– Me håper så mange som mogleg kjem for å oppleve Graff og utstillinga hans, som vil stå frå 28. oktober til 6. november, oppfordrar dei.

Denne veka har me oversikt over heile bLEST i papiravisa.