Midt i Aksdal ligg Lars Hertvigplass, som ein steinlagt oase mellom kultur, kyrkje og handel. For det meste både folketom og stille. På mange måtar velhalden og fin, men slett ikkje noko sprudlande knutepunkt slik det nok, «den gongen då», var tenkt.
Me treff stadig på dei som vil gjere noko med dette. Skape liv og gjere plassen til ein stad kor kultur og handel kan samle folk, gjerne kvar einaste dag. Men det stoppar ofte opp med gode tankar rundt dette.
Hadde det vore ein muleg å skape eit slikt miljø utan å bygge ut meir?
Vel, det er sjølvsagt delte meiningar om dette også. Det er nå eit ønskje om å bygge ut kjøpesenteret mot kulturhuset med omlag 15 meter. Om det betyr at ein får opningar mot aust og inn mot plassen vil tida vise. Mange har eit ønske om både restaurant og andre typar uteservering inn mot plassen. Kanskje det er tida for det når ein bygger ut. Ein skal ikkje reise så langt før det er servering på torget, og det er noko slikt mange har ein draum om å få oppleve i sentrum av Aksdal.
Ein har sporadisk prøvd med salsboder og minimarknad på plassen. Det har på mange måtar vore populært og ein snakkis, men alt for dårleg organisert, slik at det forsvinn like fort som det dukkar opp.
Kulturlivet har også ein mulegheit til å skape ein arena utomhus på plassen. Dei arrangementa som har vore til nå har fungert utmerka, og ein hadde eit håp etter 17. mai-feiringa – at større konsertar og show kunne arrangerast. Konserten og utekinoen i sommar var i alle fall eit langt steg i rett retning for dei som vil slikt.
Så må folk vere med og støtte opp då. Komme når det blir invitert til fest. Og… kanskje det aller viktigaste nå er å komme med innspel. Send dei til politikarar som i desse dagar jobbar på spreng med planane for Aksdal. Lars Hertervigsplass må ikkje bli ein framtidig parkeringsplass. Det er det nemleg ein fare for at det kan bli. Ingen har tord å sei det til nå, men når det er eit skrikande behov etter fleire plassar å parkere, vil det nok ein dag være freistande å merke opp kvite striper på brosteinen.
Det må me for alt i verda unngå. Så bli med, vær kreativ og kom med forslag. Til glede for Lars og alle oss andre som ferdas og vil ha opplevingar i Aksdal sentrum.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør