Thor Håkon Sternhoff var skuffa då Kopervik slo Stegaberg 10-0, men hadde kryssa B på kupongen. Den kupongen sendte han til England.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Thor Håkon Sternhoff var skuffa då Kopervik slo Stegaberg 10-0, men hadde kryssa B på kupongen. Den kupongen sendte han til England.

Vant i den «verste» runden

17. juni fikk Stegaberg bank av Kopervik og tapte 10-0. Samstundes skåra Ole Johannes Stople for Skjold. Det sendte Thor Håkon Sternhoff til England.

Årets vinnar av vår lokale tippekonkurranse er frå Førre og Stegaberg IL. Som ein av H-avis.no sine referentar på nett har han sett dei fleste heimekampane til Stegaberg denne sesongen.
– Som fotballeiar i Stegaberg var nok denne helga ei av dei verste. 0-10 rett før ferien var ikkje kjekt i det heile tatt. Nå var det ikkje overraskande at me skulle tape, så eg hadde ein B på kupongen min. Eg stolte også på Skjold og det var god trøyst i at Stople skåra, og dei slo Rosseland, seier Sternhoff.
Kupongen blei liggande i bunka resten av sesongen og då me trekte ut ein kupong av mange hundre rette, dukka den altså opp.

Kvar gong
– Det var utruleg kjekt. Eg er nok ein av dei ein kan kalla fast tippar og lesar av fotballen i Bygdebladet. Det er sjeldan eg ikkje har levert inn ein kupong dei siste åra. Spesielt etter at ein får påminning på Facebook har det vore lett å hugse. Eg trur dette er med å skape entusiasme rundt lokalfotballen, og eg ser at det har vore mykje meir folk på kampane i år enn tidlegare. Sjølv om eg er på mange kampar så vil eg ikkje kalle meg tippeekspert. Det blir for mykje med hjarte og for lite med hovudet, når eg skal sette kryss, smilar tippevinnaren, som nå har fått seg eit gåvekort frå GoTo på 5.000 kroner.
– Det blir nok ein tur til Manchester før jul. United treng all støtte dei kan få nå etter ein tung start på sesongen, seier United-fanen dagen før United slo City i ligacupen.

Har vunne før
Dette var første gongen Sternhoff vann vår konkurranse, men slett ikkje første gongen det har blitt premie i fotballtipping.
– Nei, eg er med i eit tippelag og me vann 680.000 kroner for nokre år sidan. Det er ein gjeng som har tippa sidan me gjekk i ungdomsskulen, og me spøker med at me neppe går i stort pluss etter alle desse åra. Men tippinga i Bygdebladet gjer me kvar for oss. Så slepp me å krangle om den sjekken, ler Sternhoff.
GoTo inviterer nå til ei ny rute til London.
– Da kan eg anbefale fotballfolket ein tur til Lofthus Road og Queens Park Rangers. Der har eg vore fleire gonger og det er lett å komme til, og alltid god stemning. Men denne gongen blir det som sagt nord-England og Manchester. Flott by det også, med mykje å sjå på i tillegg til fotball.
Thor Håkon Sternhoff er den tiande vinnaren me sender til England gjennom vårt gode samarbeid med GoTo. Fleire tusen har kjøpt reiser gjennom selskapet og skryter av både opplegg og god tilgang på billettar.
– Det er nok å anbefale å ha det meste i orden før ein reiser til England. Trist om ei fotballhelg blir øydelagt av dårleg planlegging. På sikt kunne eg godt tenkt meg å sjå ein kamp og to i dei lågare divisjonane. Skal vere ei heilt unik stemning der, seier Sternhoff.
Om nokre få månader er me tilbake med ein ny sesong med tipping.