Politiet har nå sikta 18 personar i ølsmuglarsaka. Det kan bli fleire.
Foto: Politiet
Politiet har nå sikta 18 personar i ølsmuglarsaka.

– Ikkje lenger berre ei Tysvær-sak

Smuglarsaka i Søre-Tysvær er blitt ei Haugaland-sak med sterke greiner til Austlandet. 18 personar er nå sikta.

– Det var i Tysvær det starta, men me har den siste tida også brukt mykje tid og ressursar på både resten av Haugalandet og på Austlandet. Konklusjonen så lang er at det dreier seg om organisert smugling over lang tid og svært mykje pengar. Me har til nå sikta 18 personar i saka, eit par av dei frå Tysvær, men ser oss ikkje ferdige på lang tid ennå, seier politiadvokat Ove Kahrs Wangensteen.
Det betyr at politiet framleis må halde korta rimeleg tett til brystet, for det er god grunn til å tru at fleire vil bli pågripne og sikta i saka.
– Kva rolle har eigentleg Tysvær i denne saka?
– Det var der me begynte og avslørte dette. Så har me nøsta opp saka og bevega oss vidare utover. Sjølv om me berre har jobba med denne saka i omlag to månader, så begynner me å få eit godt bilete av det heile. Likevel er det mange fleire trådar me vil nøste opp før me går ut med meir detaljar, seier Kahrs Wangensteen.

Les heile saka i papiravisa