I ei grøft sto det to karar frå verksemda Båsum Boring og jobba så vasspruten sto. Sjølv litt tekniske problem var ikkje nok til å stoppe dei for å fullføre boringa av eit 220 meter langt hol frå krysset ved Hervikvegen-Gudbrandsvegen og ned til sjøen.
– Det har gått heilt greitt og me har møtt stabilt fjell som det har vore greitt å bore i. Når me nå har gjennomslag skal me ta heile prosessen ein gong til og lage det stort nok til at ein kan tre eit 250 millimeter tjukt røyr igjennom. Det går heldigvis litt raskar enn dette første holet, seier Tony Dalen.
I den andre enden ved eit stort grønt kryss står Johnny Wannberg frå Tysvær kommune og lyttar. Det ristar lett i bakken og ein merkar at det ikkje er lenge før eit gjennomslag. Dei tekniske problema med ein slange, gjorde at sjølve gjennomslaget blei noko forsinka.
– Det var berre ei kort stund, så eg venta og fekk tatt eit bilete av det. Dette er eit lite hol for eit stort og viktig prosjekt som nå samlar all kloakken i bygda. At ein kan bore desse 200 meterane i staden for å grave ei grøft har også ein stor miljøgevinst. Det er nesten ikkje eit merke i naturen etter arbeidet, seier Wannberg.
Les heile saka i papiravisa