Tobias Tellmann på cello og Marina Johansson på piano er blant MUNOR-musikerne som spiller lunsjkonsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tobias Tellmann på cello og Marina Johansson på piano er blant MUNOR-musikerne som spiller lunsjkonsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fredag blir det lunsjkonsert med Munor

Fredag blir det forførande tangorytmar i Tysværtunet, når Munor speler lunsjkonsert i kafeen.

– Me gler oss veldig til å spele. Me har hatt lunsjkonsertar i Tysvær før, og det pleier alltid å vere god stemning og bra publikum, seier pianist Marina Johansson.

Argentinske rytmar

Det er klart for nok ein gratis lunsjkonsert – invitert av Tysværtunet og Tysvær Bygdeblad. Denne gongen er det altså Munor som står på gjestelista.
Marina fortel at dei frammøtte vil få høyre lokkande tango.
– Me skal spele fengande og vakker tangomusikk av den store argentinske tangokomponisten Astor Piazzolla. Me som speler er Elga Akhaladze på fiolin, Tobias Tellmann på cello og meg på piano, nikkar ho.

Travel tid
Munor går ei travel tid i møte, og arrangørane er glade for at dei har funne tid til å halde lunsjkonsert i Tysvær.
– Me gler oss og håper at mange møter opp. Veldig kjekt at lunsjkonsertane er blitt så populære, seier Bygdeblad-redaktør Alf-Einar Kvalavåg.
– Me har et tett og varierande program i haust. Førre helg spelte me to konsertar med «The Low Frequency In Stereo», og no til helga speler me kammermusikk av Schumann i ein konsert me har saman med musikarar frå Stavanger Symfoniorkester. Blant mange konsertar i november og desember, vil eg også trekke fram julekonserten vår med Embla i Aksdal kyrkje den 20. desember. Det er heilt klart mykje kjekt som skjer framover, avsluttar Marina Johansson.