Elevane på Frakkagjerd ungdomsskole nytta sjansen til å glede så mange som muleg under den store MOT-dagen.
– Me har prøvd å glede så mange som muleg med både med ein klem og ei vaffel. Me trur at både elevane og dei me har møtt, synest dette var ei fin oppleving i ein travel kvardag, seier Lisa og Elisa.
I to veker har elevane jobba med å finne på aktivitetar.
– Sist me talte opp så var det 90 av elevane som på ein eller annan måte er rundt og gleder folk i dag. På butikkar, skular, sjukeheimar, barnehagar og her på senteret. Me trur det er viktig med eit slikt fokus. I tillegg er det skikkelig kjekt å sjå kor glade folk blir for ein liten klem eller nokre gode ord. Nokre er litt avventande, men etter ein liten runde kjem dei tilbake til både klemming og noko å bite i, smiler dei to MOT-jentene.
FUS har i fleire år vore rundt og gleda folk på MOT-dagen.
– Likevel er det viktig at me gjer namnet kjent slik at alle som bur i Tysvær blir nysgjerrig på kva MOT er. I dag var det likevel kjekkast å sjå så mange smil. Det var ein oppkvikkar for oss, avsluttar dei to travle jentene.
MOT til litt av kvart
Var du i Aksdal i går, kunne du få både klem, vaflar og gode ord med på vegen heim.