Senterleder Elisabeth Brekke Førland Arkivfoto: Karina Søvik
Senterleder Elisabeth Brekke Førland Arkivfoto: Karina Søvik

Skuffa, men ikkje overraska

Heller ikkje denne gongen blei det Vinmonopol på Aksdalsenteret. Nå vil senterleiar ved Aksdal senter, Elisabeth Brekke Førland, køyre på for å få pol til Aksdal neste år.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust 
 
Førre veke offentleggjorde Vinmonopolet dei ni nye utsalsstadene sine for 2017. Ingen er på Haugalandet.
I området hadde Aksdal, Skudeneshavn, Åkrehamn, Sand og Sveio inne søknadar, men desse nådde ikkje fram denne gongen. Neste tildeling er i november 2017.
 
Var forventa
Senterleiar på Aksdal senter, Elisabeth Brekke Førland, blei ikkje overraska over at Aksdal og Tysvær ikkje fekk huse Vinmonopolet denne gongen heller.
– Ein har jo alltid eit lite håp, så eg blei jo litt skuffa. Men det var forventa, seier ho.
– Kvifor blei du ikkje overraska?
– Ein har jo litt følerar ute sjølv. Me snakka heller ikkje særs med Vinmonopolet på førehand av tildelinga, eg trur kanskje dei hadde vore meir «på» oss dersom me skulle få Vinmonopolet hit, seier ho.
Brekke har ikkje noko godt svar på kvifor ho trur Vinmonopolet nok ein gong gjekk Aksdal hus forbi.
– Det har nok litt med planane for Aksdal å gjere, trur eg. Eg veit at dei følgjer med og følgjer opp rundt dette. Men det er nok også mange andre småfaktorar som speler inn. Som til dømes avstanden til næraste Vinmonopol, seier ho.

Les meir om saka i papirutgåva.