Torleif Susort har besøk av kokkane Lasse Haukaas og Robert Vikse, som denne veka skal serevere og selje kjøt frå garden i butikken. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Torleif Susort har besøk av kokkane Lasse Haukaas og Robert Vikse, som denne veka skal serevere og selje kjøt frå garden i butikken.

Ein pinne – godt for mykje

«Pinna-trimmen» har slått an på Nedstrandstunet. Nå trener både tilsette, bebuarar og andre interesserte med IDOGO-staven, ei treningsform for både kropp og sinn.

Tidleg i 2016 fekk Nedstrandstunet aktivitet- og omsorgssenter tilskot frå helsedirektoratet til å drive prosjektet «Saman om aktivitet». Målet er å skape aktivitet og samlingspunkt for dei som bur på Nedstrandstunet, og elles på Nedstrand.
Det er tilsett to personar til å arbeide med prosjektet, og fleire aktiviteter er alt i gang.
Eitt av desse er IDOGO-trening, som er ei treningsform der ein nyttar ein pinne medan ein gjer ymse øvingar.

Lærer vidare
Fredag føremiddag står åtte spreke damer i ein sirkel i Hagaståvå på Nedstrandstunet. Alle med ein pinne i hendene. Dei strekker på armar og bøyer seg opp og ned. Somme tider kjem det utsegn om kvar på kroppen den pågåande øvinga strekker. Instruktør Dario Augusto Passera kjem med instruksjonar og visdomsord inni mellom øvingane.
– Ein kan ikkje vere passiv utan å ha vore aktiv, seier han.
Treningsmetoden skal dei tilsette på Nedstrandstunet lære vidare til bebuarar og andre som har lyst til å komme å prøve.

Gamal treningsmetode
IDOGO, eller «Pinna-trimmen» som den har fått tilnamnet på Nedstrandstunet, er ein treningsmetode som blei utarbeida etter mange års forsking. Prinsippet er at ein held ein IDOGO-stav og gjer ulike bevegelsar.
IDOGO kan auke velværet for kropp og sinn, ytingsevne, våkenheit og styrke.
Ein av dei tilsette hadde kjennskap til IDOGO og Dario Augusto Passera som er instruktør i treningsforma. Det blei bestemt at ein skulle gå for IDOGO på Nedstrandstunet, og Dario Augusto Passera blei spurd om å halde kurs for dei tilsette.
Nå har dei hatt nest siste kursing, og er alt godt i gang med å dele det dei har lært med eldre og seniorar på Nedstrandstunet tre gonger i veka.

Les meir i papirutgåva.