Av Ingvild Rørtveit Myklebust
Onsdag i førre veke inviterte ordførar Sigmund Lier til ein prat med nedstrandsbuen. Her kunne dei som ville ta seg ein tur innom, og drøse med ordføraren om saker ein er opptatt av. Nedstrandsbuen hadde mykje på hjartet, og det var ein jamn flyt av folk innom denne ettermiddagen. Ordføraren sjølv var tydeleg fornøgd med at så mange stakk innom.
Ungdomsskulen engasjerer
Det var eit heilt tydeleg mantra som gjekk igjen i tollbua. Svært mange møtte opp for å seie si meining om den nye, store, ungdomsskulen som er planlagt i Aksdal eller på Frakkagjerd. Skal ungdomsskulen på Nedstrand bli historie, og elevane gå dei tre ungdomsskuleåra i Aksdal eller Frakkagjerd? Dette spørsmålet skaper stort engasjement hos nedstrandsbuen. Mange delte si bekymring om kva negative konsekvensar det kan ha for Nedstrand dersom bygda mister ungdomsskulen.
Reagerer på lang busstur
Odd Harald Kvam har lang fartstid som bussjåfør. Han meiner at godt og vel to timar på buss kvar dag er for mykje for elevane.
– Frå Amdal på Nedstrand til Aksdal tar det ein time med buss. Stoppa tar mykje tid, ofte meir enn ein trur. For dei som bur i til dømes Vassendvik, vil turen til Aksdal ta 20 minutt meir, og ein får nesten tre timar på buss eller i taxi kvar dag, seier han.
Kvam peiker også på at det er vanskeleg for bussjåføren og ha oversikt over kva som skjer i bussen under bussturen til Aksdal eller Frakkagjerd.
– Som bussjåfør må ein følge med på vegen. Ein kan ikkje heile tida ha oversikt over kva som skjer bakerst i bussen, seier han.
Han meiner også at det er svært viktig at ungdommane har energi til å drive med fritidsaktivitetar i heimbygda etter skuletid. Han er redd dei fort kan finne det meir fristande å melde seg på fritidsaktiviteter i Aksdalområdet dersom dei likevel går på skule der.
– Me har fått ein flott kunstgrasbane som det er viktig at blir brukt. Ungdommane bør bruke energien sin på Nedstrand, og ikkje i Aksdal etter skuletid, seier han.
– Eg meiner det er viktig å ha eit sterkt kommunesenter, men det bør ikkje gå på bekosting av bygdene, legg Kvam til.
Les meir i papirutgåva.