Skrevet av Jan Helge Øvernes
Spelet i år heitte Jul på Sluså, og var bygd rundt eit par som sat og mimra over all den gode underhaldninga som har blitt vist på skule-forestillingane opp gjennom åra. Og endå ein gong tok elevane fram det beste og laga to supre og sjarmerande show.
Noko av fokuset blei dratt til den dramatiske avslutninga då scenen kollapsa med dunder og brak på første framsyning, men elevane tok seg fint inn til neste forestilling med scenen 60 centimeter lenger nede. Ein elev måtte innom legevakta, men stilte imponerande nok opp på neste forestilling. Godt gjort! alle saman.
Også takk til alle foreldra som stilte opp på direkten, ordna opp i kaoset og fann løysing med den havarerte, slik at det blei kveldsforestilling!