Turid Tjoland (15) og Beate Solheim (15) oppfordrar også andre til å engasjere seg gjennom organisasjonen «Freethem». 
Foto: privat
Turid Tjoland (15) og Beate Solheim (15) oppfordrar også andre til å engasjere seg gjennom organisasjonen «Freethem».

Spreier viktig bodskap

– Små grep kan utgjere mykje for enkeltmenneske. Ein må berre gjere folk bevisste på kva som skal til, meiner Turid Tjoland frå Grinde.

15-åringen har starta eit lokalteam av organisasjonen «Freethem» i Tysvær, og er i gang med å besøke skular for å informere ungdommar kva som skjer av grotesk menneskehandel i verda.
Menneskehandel
– Eg var på Spekter-festivalen i Bærum i samband med konfirmasjonsopplegget vårt i sommar, og trefte leiaren for «Freethem» i Norge, Jeanette Kalma Frøvik. Eg blei med ein gong inspirert og heiv meg rundt med det same eg kom heim, fortel Turid då ho er innom lokala våre i Aksdal Senter.
Førre veke starta ho og venninna Beate Solheim (15) på ein skulerundtur i kommunen for å promotere organisasjonen og arbeidet dei gjer.
Den politisk og religiøst uavhengige organisasjonen «Freethem» blei starta av svenske Maria Ahlin, og eksisterer i Sverige, Norge, Tyskland og Østerrike. Målet og bodskapen er å informere folk om kva som hender av menneskehandel i verda, og alt dette fører med seg av mishandling, kvinnediskriminering, prostitusjon, rasehat og urettferdigheit.