Tid for å trekke pusten

Denne veka tok lokalpolitikarane våre juleferie. Budsjettet for neste år blei vedteke og dei siste sakene som «hang» igjen blei banka gjennom. For ein god del av dei som pakka vekk dokumenthaugen seint tysdag var det ein haug som omfatta det første heile året som kommunestyrerepresentant i Tysvær.

For andre var det nok ein juleferie i nok ein periode. Som observatør merkar eg nå tendensar til slitasje hos ein del av dei folkevalte. Dei er ikkje like mykje på hugget som før, dei verkar dårlegare førebudde og dei seier meir rart. Fleire går på tomgang og bør nytte seg av ferien som nå kjem.
Det er ein farleg tendens i alle former for styre når ting berre går av seg sjølv. Når ein blir meir laussluppen med å gjere det faglege politiske grunnarbeidet. Det å orke å sette seg inn i saker, for så å gjere det beste vedtaket i kvar enkelt sak.
Eit teikn på at ein er i ein slik situasjon er når ein snakkar meir og meir, men har mindre og mindre å melde. Når det ein seier blir møtt med skepsis og nesten vantru, bør det ringe ei bjølle og to.
Me som sit bak i salen og lyttar har tilgang på dei same papira som dei som er folkevalte. Og det er eit dårleg signal når ein politikar ber om ei utgreiing på fakta, som til og med ein journalist har funne i sakspapaira, eller bruker eksempel frå sin eigen barndom i politiske saker som handlar om Tysvær si framtid.
Kvifor gjer ein det? Fordi ein går på tomgang og ikkje orkar å halde seg oppdatert.
Ta eit eksempel. Ny ungdomsskule kontra å pusse opp på Frakkagjerd. Eg reknar med at alle partia for lengst har invitert seg sjølve på skulebesøk på Frakkagjerd kor dei møter dei tilsette og FAU-representantane. Eg forventar at dei også allereie har hatt møter med Stegaberg IL som er ein viktig aktør i og rundt skulane i bygda. Eg forventar også at «alle» skuleinteresserte lokalpolitikarar forlengst har begynt å jobbe i korridorane med sine kontaktar, slik at dei er best muleg oppdatert, når denne saka kjem opp. Når ein skal gjere ei investering som kan komme opp mot ein halv milliard kroner, er dette noko som er sjølvsagt. Eller…
Eg veit svaret, og det er dessverre ikkje slik. Ikkje ennå. Då blir debatten framleis prega av korleis det var å gå på skulen for «hundre år sidan», og om synsing og rykte som ikkje høyrer heime i politikken i ein moderne kommune som Tysvær.
Å vere lokalpolitikar er ein stor jobb. Det krev sine kvinner og menn. Ein kan skulde på store arbeidsoppgåver over tid, men det er viktig å gjere grep i tide. Når det er tomt må ein samle seg. Då må partia samle troppane og gjere kvarandre gode. Ein del av debattane i både kommunestyret og formannskapet har den siste tida vitna om ein solid slitasje, ein slitasje som ikkje kan få utvikle seg vidare. Nokon må seie i frå før det går for langt.
Det er ingen tent med, aller minst dei som i ei årrekkje har jobba for og i lokalpolitikken.
Så ta juleferie, trekk pusten og kom motiverte tilbake i januar. Då kjem dei store sakene på rekke og rad.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør