Ola Vassbø er på plass på legesenteret på Frakkagjerd. Planane for framtida er store og draumen er eit sterkt fagmiljø.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ola Vassbø er på plass på legesenteret på Frakkagjerd. Planane for framtida er store og draumen er eit sterkt fagmiljø.

Vil bygge nytt fagmiljø

Ali Hassan Al-Hassan og Ola Vassbø ser at legesenteret på Frakkagjerd er i ferd med å utvikle seg i riktig retning. Men dei har plass til fleire.

For kort tid sidan var Vassbø på plass, og dermed er det to leger som nå er fast på legesenteret i Lundal-bygget. Men det er berre starten på eit fagmiljø som skal gi eit breitt tenestetilbod i ytre Tysvær.
– Nå er me to legar og ein fotterapeut. På sikt ønsker me også å tilby tenester innan fysioterapi og gruppeterapi. Å vere fleire fagfolk samla på ein stad er ein stor styrke for oss, noko pasientrane vil merke, seier Vassbø.

Støtte
Med ein som har lang erfaring som indremedisinar og ein som er både erfaren innan kirurgi, og som snart er spesialist innan allmennmedisin, ser dei to på seg sjølv som eit team til pasientane sitt beste.
– Det at me kan snakka saman og gjere vurderingar ilag er ein sjølvklar styrke. At me også har med oss Bodhild E. Tungland, som er fotterapeut, og som også har lang erfaring innan diabetes, er i tillegg ein stor gevinst. Me håper at det miljøet som me nå klarer å skape på Frakkagjerd skal lokke til seg både fleire som vil etablere seg og nye pasientgrupper, seier Vassbø.
– Kva er største utfordringa?
– Mykje av dagens diagnosestilling skjer gjennom bilde, så eit ultralydapparat står høgt på ønskelista. Så er det utfordringar i samfunnet kor det ikkje berre er ein påvist sjukdom som er problemet. Folk er meir aleine, dei treng omtanke og nokon å snakke med. Eg prøver å sette av så mykje tid til kvar enkelt som muleg, men det seier seg sjølv at det er hektisk. Difor er eg svært glad for alle lag og organisasjonar på Haugalandet som driv med diverse aktivitetar og kurs, kor både pasientar, pårørande og ikkje minst me i legestanden kan lære mykje. Samspel gir som oftast best resultat, smilar den nye legen på Frakkagjerd.

Les heile saka i papiravisa