– Jula nærmar seg, og det er høgsesong for feittrike middagar. Bruk feittvett og ikkje la restane gå i vasken eller do. Det er viktig å førebygge blokkering av avløpsleidningane, og kommunen ser at ved juletider er det meir feitt enn vanleg i avløpet. Me ber derfor alle om å følgje råda om feitthandtering og ikkje kaste feitt og matrester i vask eller do, seier Arne Henry Grottvik.
Feitt som hamnar i avløpet skapar driftsproblem og kan tette igjen avløpet. Dette gjeld både offentlege leidningar og private.
– Vent til feittet har stivna og kast det som matavfall. Feitt som ikkje stivnar kan ein anten tørke med tørkepapir og kaste i matavfall eller helle over i tett emballasje, for eksempel ein mjølkekartong, som ein teipar igjen, og kaste som restavfall. Ein kan lese meir om handtering av feitt på fettvett.no. Det er ei side eg anbefaler, seier Grottvik.
Tett
Denne veka har kommunen vore ute og sjekka fleire kummar i Aksdal og på Frakkagjerd.
– Resultatet er nedslåande. Som ein kanskje ser av bilete tatt med spesialkamera er det nesten tett i kummane og me er nøydt til å tømme desse før jul. Eg trur ikkje folk tenker seg heilt om når det gjeld dette, for alternativa er som Grottvik seier, rimeleg enkle å gjennomføre. I tillegg vil fett i røyr vere ein invitasjon til rotter. Og kjem dei har ein julegjester det er vanskeleg å bli kvitt, seier teknisk sjef, Bjørn Bruaset.
– Kor alvorleg er problemet?
– Det er så alvorleg at folk er rett og slett nøydt til å skjerpe seg. Dette må me ta på alvor. tette røyr og tette kummar kan få dramatiske konsekvensar for mange av innbyggarane våre.