God jul & Godt nyttår

Du verda kor tida går. Eit nytt Bygdeblad-år er ved vegs ende. Du har nå fått nummer 48 i hus og forhåpentlegvis finn du noko som er verd å lese.

Me har på nytt prøvd å vere tett på der det skjer i Tysvær, eller rundt tysværbuar som har flytta på seg. Det er ein hektisk jobb, men ein jobb kor me kvar einaste veke får både ros og ris. Det betyr at leserane våre bryr seg.
Jul er på mange måtar ei utfordring for oss som er menneske. Krava til det vellukka kjem tydeleg fram og presset er for mange vanskeleg å takle. Men me bit tenna saman og håper og trur at me klarer oss også denne gongen.
Årets jul har dessverre provosert fram noko av det verste i oss. Nemleg det å snakke stygt om kvarandre, og å latterleggjere andre sine meiningar. Eg tenker på julegudstenester og julebodskap i skulen. At den debatten kjem opp må ein kunne tolerere, men at dei som ikkje vil feire jul, skal få øydelegge for dei som framleis vil feire jul i deira høgtid, er respektlaust.
Me har ikkje hengt oss på hylekoret denne jula, fordi Tysvær heldigvis har styrt unna den verste julehatdebatten. Men eg meiner det nok ein gong viser kor mykje vondt det er i eit menneske, om ein berre får sleppe fritt til utan sensur og korrektur. Då er egoisten i meg sjølv det viktigaste, og andre berre ein parentes.
Årets førjul i Tysvær har vitna om ein ivrig og attraktiv kommune med eit sterkt kulturliv som har dradd mange til julekonsertar og show. Mange har også nytta sjansen mellom regnbygene til å ta seg ein tur i dei mange turløypene våre.
Det er ei slik førjul ein vil ha.
Så ligg verdsproblema der som ein skugge bak oss. I Syria, i Berlin og i alle land kor skilnaden mellom dei rike og fattige er uendeleg stor. For dei som nå skal halde talar på julaftan er det nok av grufulle ting å ta tak i.
Må det da «please» få være fred og fordragelegheit her kor me bur. Kan ikkje me heller halde saman om det gode og sette pris på den førjula me tross alt har.
For hugs: Uansett kor vondt du har det akkurat nå, har du det betre enn dei aller fleste andre i verda. Det er eit faktum det av og til er vanskeleg å forstå.
Ha ei fredfull og god jul, helsing alle oss i Tysvær Bygdeblad. Så snakkast me 5. januar i nr. 1-2017.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør