Svein Terje Brekke (KrF) har lenge jobba for at rusbustadane skal komme på plass i Tysvær. No fryktar han at utsettinga til teknisk, skal sette kjeppar i hjula for planane. 
Foto: Mona Terjesen
Svein Terje Brekke held fram som leiar i Krf.

Utsett saka – nok ein gong

Nok ein gong vel teknisk utval å utsette rusbustadsaka. Denne gongen etterlyser dei ei synfaring, før ei avgjersle blir tatt.

I oktober skreiv Bygdebladet om teknisk utval som valte å utsette saka om etablering av rusbustadar i Tysvær, i påvente av ei uttale frå Fylkesmannen.
No er uttalen på plass, men nok ein gong utsett dei likevel saka.

Kasteball
Fylkesmannen skulle ha komme med ei uttale innan 23. juni i fjor. Den fekk dei utsett til 1. juli, og blei så påminna igjen seinare – då svaret aldri kom.
Statens Vegvesen og fylkeskommunen hadde på si side uttalt seg for lengst. Likevel ønska FrP å gi Fylkesmannen ein sjans til då saka var oppe i oktober. Lars Birger Baustad fremma dermed eit utsettingsforslag på vegne av partiet sitt.
– Denne saka er prinsipiell og vil kunne skape presedens, derfor er det svært viktig at Fylkesmannen uttaler seg. Saka må utsettast til Fylkesmannen har gitt ei uttale, påpeika han i forslaget i oktober.
Dryge to månadar seinare låg altså saka nok ein gong på teknisk utval sitt bord, og også denne gongen valte dei å utsette ho. Denne gongen vil dei ha ei synfaring før dei tar ei endeleg avgjersle.

Les heile saka i papiutgåva