Robin fekk påvist kreft like før han blei fire år. Han kjempa ein hard kamp i    3,5 år. Mamma Silje og resten av familien ønsker meir midlar og større fokus på barnekreft-forsking. 
Foto: privat
Robin fekk påvist kreft like før han blei fire år. Han kjempa ein hard kamp i 3,5 år. Mamma Silje og resten av familien ønsker meir midlar og større fokus på barnekreft-forsking.

– Barnekreften må få meir fokus!

For snart to år sidan døde Robin av ein sjeldan form for
leukemi. No samlar familien inn midlar til inntekt for forsking av barnekreft.

– Er du sikker på at det ikkje finst kreftceller i himmelen, mamma?
Orda kjem frå Robin på 7 år. Han har kjempa ein tøff kamp mot kreften i 3,5 år. Halve livet sitt…

Tøff gut
– Robin var tøff. Det var aldri snakk om å gi opp. Han kjempa til siste slutt. Men så var det også som om han visste når han måtte gi seg, fortel mamma Silje Kolnes-Schouwstra – då me treff henne på kafé denne veka.
Ein kald februardag i 2015, sovna Robin inn, med familien sin rundt seg. Han hadde vore sjuk med Akutt myelogen leukemi (AML) sidan han var tre år og 11 månadar gammal. Ein sjeldan form for kreft blant barn. Berre 15 prosent av dei blodkreftramma får denne sorten, og prognosane er langt dårlegare enn for dei som får den vanlegare varianten Akutt lymfatisk leukemi (ALL).
– Me merka at det var noko som ikkje stemte. Han var mykje trøtt og sliten, og han fekk ein del infeksjonar som ikkje gjekk over, seier Silje og fortsett;
– Ein får heilt sjokk og ender opp i sin eigen verden… Me visste aldri korleis det ville ende. Sjølv om prognosane ikkje var gode så var det håp, og me håpa sjølvsagt. Og Robin kjempa. Det er utruleg korleis ungar innrettar seg, kor tøffe dei kan vere, og korleis dei lever i nået.

Les heile saka og mykje meir om kreft i papiravisa.