Steinar Høyvik var ein av mange som stilte gode spørsmål frå salen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Steinar Høyvik var ein av mange som stilte gode spørsmål frå salen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Tysværvåg har ikkje råd til å miste skulen

Godt over 200 personar møtte fram i gymsalen på skulen i Tysværvåg. Dei aller fleste svært skeptisk til planane om å bygge ny ungdomsskule i Aksdal. Det med god grunn skal ein tolke responsen i salen.

Med alle gruppeleiarane på plass var det Tysværvåg sin tur til å fortelje kva dei tenkjer om planane om ein ny ungdomsskulestruktur i kommunen. Og om angsten for framtida ikkje var like klar som på Nedstrand, var den meir enn klar nok til at politikarane fekk eit klart nei med seg heim, også denne gongen.
– Først og fremst er eg glad for at så mange kom, det var imponerande. Så er eg glad for at det blei eit sakleg møte kor folk fekk seie meininga si, og også fekk ein del svar frå politikarane som me hadde invitert. Dette handlar for mange om skule, men me merkar at det er redselen for tilboda i bygda som ligg under og murrar. For oss er skulen midtpunktet i bygda, i saman med idrettslaga. Forsvinn skuletilbod, er mange redd for at då forsvinn også folket, seier sekretær i FAU ved skulen, Gunnhild Helgeland.
Saman med leiar Karsten A. Larsen hadde dei lagt opp til møte kor det tidleg kom fram svært tydeleg skepsis til dei mulegheitene som ligg i muligheitstudien som nå er ute på høyring fram til den 20. januar. Dei vil ha det som i dag.
Lista over kva bygdefolket fryktar konsekvensar av og lurte på blei etter kvart lang.
Busstilbod, bygg, innhald i skulen, kompetansenivå på lærerane, storleik, økonomi, mobbing, redselen for miste barneskular på Førland og i Tysværvåg, fritidstilbod og levande bygder var nokon av stikkorda me noterte oss.
På Nedstrand fann me ingen ja-møtedeltakarar. I Tysværvåg tok Gaute Baustad ordet for at ein i det minste bør vurdere ein ungdomskule opp mot ein 1-10-skule. Meir mobbing på denne type skule var eit av poenga barnevernspedagogen viste til.

Viktig
Ordførar Sigmund Lier og resten av panelet var også denne gongen svært tydelege på ein to ting:
– Dette er ein mulegheitsstudie som nå er ute på høyring, og ikkje ei politisk sak. Og for det andre. Nå er det utruleg viktig at dei som har ei meining om dette sender inn sine kommentarar slik at dei kan følge saka. Me har fått mange interessante innspel her i kveld, og dei må me få inn skrifteleg før helga, sa Lier.

Meir om folkemøtet i papiravisa på torsdag.