Dagleg leiar Irene Stuhaug Ørke deler ut sjekken på 15.000 kroner til Jan Roger Tjoland. Jan Erik Tjoland og Elise Kalstø Lervåg var også til stades då me besøkte butikken på Oasen Storsenter.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dagleg leiar Irene Stuhaug Ørke deler ut sjekken på 15.000 kroner til Jan Roger Tjoland. Jan Erik Tjoland og Elise Kalstø Lervåg var også til stades då me besøkte butikken på Oasen Storsenter.

Viktig å være abonnent

– Spøke du? Det er jo heilt fantastiske nyhende. Jan Roger Tjoland er ein av mange som har fornya abonnementet sitt, og blei nyleg trekt ut til vinnar av eit gåvekort på 15.000 kroner.

Tjoland og familien i Grinde er faste lesarar av Tysvær Bygdeblad. Dei har betalt for eit nytt år og var dermed med i trekkinga av eit gåvekort på 15.000 kroner frå GoTo.
– Dette er jo heilt utruleg kjekt og passar svært godt. Me var i ferd med å finne oss ein sommartur hos nettopp GoTo. Nå legg me på desse pengane og finn oss ein knallferie, smiler Tjoland.
Me har i fleire år trekt ut ein vinnar av eit slikt gåvekort blant våre faste abonnentar. Skal det vere ei lokalavis i framtida, må me ha betalande abonnentar.
– Me har ei avis og det er Bygdebladet. Der finn me dei sakane som me er interessert i lokalt. Det er kultur, sport og politiske saker. Me har tre ungar i huset og dei er opptatt av sport og det å finne folk dei kjenner i avisa. Dei har vel vore med i eit par saker sjølv også. Slik eg vurderer det er ei avis i veka perfekt for oss. Då har me tid til å lese det meste som står der. I tillegg held me oss oppdatert på nett og Bygdebladet si Facebook-side. Men eg skjønar at me må betale skal me ha eit slikt godt lokalt tilbod i framtida, seier Tjoland.

Les heile saka i papiravisa