Når folket meiner noko

Dei neste månadane skal Tysvær-politikarane verkeleg opp til politisk eksamen.

Det kjem store utfordringar på rekkje og rad, og fleire av sakene som kjem skal prege kommunen vår i mange år framover.
Ei av «eksamensoppgåvene» blir å tolke folkets meiningar. Det gjeld mellom anna ungdomsskulestrukturen og den nye E39-traseen som blir presentert på måndag.
Begge sakene er vanskelege å lose trygt gjennom sakskarta og vil gripe inn i både privatlivet og bygdelivet til svært mange tysværbuar.
I tillegg har kommunen også hengande over seg store og viktige økonomiske saker som eigedomskatt og sparing i tenstetilbodet.
Det som er den største utfordringa slik eg ser det er balansekunsten mellom eigne meiningar og det folk meiner. Det har me nå sett to gode eksemplar på under folkemøta på Nedstrand og i Tysværvåg. I tillegg renn det inn med høyringar og lesarbrev.
For nå blir det ein ny runde kor lovnadar i valkampen for drygt eit år sidan slår tilbake, og ein skal innfri det folk har stemt dei inn for. Og det er ikkje alltid like kjekt eller enkelt.
Spesielt vanskeleg er det for dei lokalpolitikarane som på grunn av ein sterk valkamp og gode lovnadar i søre-Tysvær i dag er ein av dei 29 i kommunestyret. Berre i løpet av den korte periode det sittande kommunestyret har hatt sitt mandat har store ting snudd opp ned på framtidsutsiktene i heile området. Ja i heile Rogaland for den del, men mange av planane for søre-Tysvær var bygd opp mot ein draum om vekst frå sør.
Me snakkar om planar om å bu rimeleg, landleg og flott i søre delen av vår kommune, og å jobbe innan oljebaserte bransjar i sør-fylket. Me snakkar om bråstopp i dei planane som skulle løfte områda rundt næringsparken opp og fram, og kanskje bli eit sentrum for «nye» Tysvær. Dette har innbyggarane der skjønt for lengst og møtte mannsterke opp for å redde ungdomsskulen sin, og bygda si på følkemøtet sist måndag.
Medan det på Nedstrand står planar i kø om korleis ein vil utvikle bygda, mellom anna gjennom prosjektet Nedstrand 2020, så er det langt tynnare i permen for planar i søre-Tysvær.
Den utfordringa ligg nå like mykje hos lokalpolitikarane som hos lokalbefolkninga. Og når «motorvegen» blir presentert på måndag kan det komme nye store utfordringar. Traseen skal vere svært nøyaktig teikna, med Tysværvåg-auge, om det ikkje skal bli meir å gruble på.
Det kjem til å komme meiningar i frå aust og vest. Det kjem til å vere bombastisk, aggressivt og støttande om ein annan. Og det skal politikarane handsame.
2017 blir eit eksamensår der dei som har noko å melde i lokalpolitikken vil få ein gyllen mulegheit til å stå fram. Der ein må sjå langt fram i tid, og der det ein vedtek i år vil prege oss i mange år framover. Det ligg også forstyrrande element og gneg som «Aksdal-utbygging», eigedomskatt og sparing.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør