Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

– Etterlyser lova lys

I tre og eit halvt år har velforeininga på Kallevik Sør søkt, masa og purra på kommunen om å få meir gatelys langs Dalanesvegen.

Framleis er det mørkt på delar av strekninga, og nå set velforeininga spørsmålsteikn ved kommunen sine prioriteringar.
Klokka åtte om morgonen strøymer barn og ungdom oppover Dalanesvegen frå byggefelta på Kallevik Sør. Dei skal ta bussen til skulen, og må legge denne vegstrekninga bak seg for å komme til busskuret. Blant barna går fleire vaksne. Foreldra til dei yngste barna følger dersom dei er heime. Det er stort sett alltid nokon som følger dei til bussen, då ein helst ikkje vil la barna gå åleine.

Les heile saka i papiravisa