Det myldra av folk i Sysco arena i dag i høve Tysværdagen. Foto: Ingvild Myklebust
Det myldra av folk i Sysco arena i dag i høve Tysværdagen. Foto: Ingvild Myklebust

Folk strøymde til Tysværdagen

Lag, foreiningar, bygder og bedrifter hadde verkeleg gjort seg flid med stands og utstillingar på Tysværdagen. Folk gjekk mann av huse for å få med seg det ferske arrangementet.

Det myldra av både barn og vaksne i Sysco arena i dag. Her fekk ein verkeleg oppleve kva Tysvær har å by på. Næringsliv, lag og foreiningar og andre hadde laga stands, der dei fortalde om kva dei driv med.
Somme hadde artige aktivitetar, andre hadde verkeleg gjort seg flid med utstillinga, til dømes å ta med eit gindbygg som kulisser.
– Eg synest Tysværdagen har vore kjempebra. Det er eit flott tiltak, seier Jan Atle Kalkvik som var på Tysværdagen.
Han bur sjølv i Tysvær, og innrømmer at han har lært meir om kommunen i løpet av dagen.
– Her var fleire stands som viste noko eg ikkje visste om her i Tysvær, seier han.

Les meir i papirutgåva på torsdag.