300 mill her – 300 mill der

To store investeringar skaper god debatt i Tysvær om dagen. Ny ungdomsskule og eit kombinert ferie- og spasenter på Borgøy.

I ei tid der mørke skyer over oljeindustrien, og usikkerheit rundt eigedomskatten har vore ei klam hand rundt halsen på dei som jobbar med Tysvær si økonomiske framtid, så er dei siste vekers hendingar meir enn eit blaff når det gjeld optimisme til å satse i vår kommune.
På den eine sida handlar det om investeringar nesten heilt utan sidestykke i Tysvær, om ein ser vekk frå Kårstø-anlegget. Legg ein saman ny ungdomsskule og Borgøy-prosjektet ser ein føre seg å bruke nærare 600 millionar. Og legg ein på den vanlege sprekken, så kan me ta med 100 til. Pengar som ein ønsker skal investerast og skape unike fagmiljø og destinasjonar innan skule og turisme. I utgangspunktet heilt utruleg spennande idear lagt fram i ei tid når mange kommunar i Noreg ikkje heilt veit kvar dei skal gå vidare.
Nå er stemninga for desse to prosjekta delt når det gjeld entusiasmen rundt dei. Medan italienarane som presenterte Borgøy-planane under Tysværdagen, stort sett opplev tommel opp og skryt, er det langt verre for dei som vil ha ungdomsskule i Aksdal.
Prosjekta har mange fellestrekk. Begge vil gi arbeid i ei tid med ein del arbeidsledige. Begge prosjekta er framtidsretta og vil sette Tysvær på kartet. Begge prosjekta kan tiltrekke seg nye fagmiljø, som eigentleg alle kommunar vil ha, og begge kan sjølvsagt skape god publisitet som gjer at folk blir nysgjerrige på Tysvær, og kanskje flyttar hit.
Men det er også eit men… Det kostar pengar. 300 millionar kroner ++ er ikkje summar som ligg der og skrik etter å blir brukt. Det finst økonomiske skeptikarar, det må ein ta med i berekninga, jo før jo heller. Men det betyr ikkje at det ikkje lar seg gjennomføre. Får ein politisk, og då også fylkespolitisk ja, så er ikkje prosjektet på Borgøy så mykje større enn andre turistmålinvesteringar. Men for oss høyres det litt rart ut med 300 millionar og 150 nye arbeidsplassar på litle, men akk så vene, Borgøy.
Då trur eg ungdomsskulen er meir i det blå. Tilbakemeldingane som har komme gjennom folkemøter og lesarbrev vitnar om at dette er ein idé lokalpolitikarane bør legge vekk. Eg skreiv ein gong at det var vanskeleg å finne andre enn eit par politikarar, som er for. Vel, nå har eg møtt eit par til. Fagfolk. Skulefolk. Ja, dei som veit kva utfordringar som er i skulen og som ser ei framtid. Men dei tenker ikkje bygdepolitikk. Dei ser mest på ungdommen og dei tilsette sitt beste. Det er dei som kan skape balanse i denne saka. Men det er ikkje lett når ein på folkemøta snakkar om «eple og appelsinar». Der bygda blir satt opp mot innhaldet i skulen.
I ein slik samanheng har Tysvær fått to store prosjekt servert det siste halve året. Prosjekt som både skapar entusiasme, men også motstand. Og skal nokon av dei lukkast må det faktisk meir til enn entusiasme og fine ord. Det må handlast og visast styrke til å gjennomføre, og ikkje minst bruke makta på ein god og konstruktiv måte. Det svir men kan skape uana resultat.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør