Det er ein gamal tradisjon med musikk og eventyrforteljing. Kven hugsar vel ikkje Per Aabel som i si tid gjorde fortellinga og Peter og ulven kjent, og som skapte det som kanskje er den mest populære barneplata med eventyr me kjenner. Mykje seinare skreiv Roald Dahl sin versjon av Raudhette og ulven, ei raudhette som var mykje tøffare enn originalen. På Dahl sitt vis må vete.
– Det å få reise rundt på ein miniturné med Stavanger symfoniorkester er sjølvsagt stort. Dette er å bygge vidare på ein forteljartradisjon svært mange har gode minner frå. Eg skal lese dei to eventyra til musikk frå omlag 50 av SSO sine musikantar, og det blir ei oppleving. Dette er noko som passar like godt for gamal som ung. Eg hadde med meg min yngste son på ein slik familiekonsert, og han var full av begeistring. Denne kombinasjonen av musikk og eventyr er heilt spesiell, seier Minken Fosheim.
Les meir i papirutgåva.