Teknologiveka på Grinde skule engasjerte stort. Foto: Grinde skule
Teknologiveka på Grinde skule engasjerte stort. Foto: Grinde skule

Spennande teknologiveke

I veke 3 gjennomførte Grinde skule ei teknologiveke på skulen. Dette var eit større prosjekt, i samband med at Tysvær kommune er ein realfagskommune, der alle lærarar og elevar var involverte.

Tidligare år har vi hatt ei forskarveke over same lest, men i år valde vi teknologi. Elevane i 1.-3., 4.-5., og 6.-7. klasse blei delte på tvers av trinna og lærarane fekk ansvar for kvar sin teknologistasjon. Innhaldet på stasjonen la dei opp til sjølve, men Espen Clausen hadde komme med ein del forslag og var tilgjengeleg undervegs i planlegginga.
Veka starta med eit lite opningsshow i amfiet for å skape ei interesse hos elevane. Espen fekk då blant anna gulrøter, kiwi og tomatar til å «snakke» ved hjelp av eit dataprogram.
Resten av veka var det stasjonar minst ein time til dagen. Dei yngste elevane jakta på QR-kodar, dei teikna geometriske figurar i Paint, dei brukte MakeyMakey til ulike ting. Då måtte dei finne ut kva som leida strøm, dei programmerte BeeBot og bygde og programmerte LegoWedo. Elevane i 3.og 4. klasse var innom MakeyMakey, Lego Mindstorms, LegoWeDo og bilethandsaming i Picasa. Dei eldste elevane laga animasjonsfilm, jobba med bilethandsaming, rekneark og koda Micro:bit.
Det blei lagt opp til mykje samarbeidsaktivitetar og elevane arbeida saman i par eller små grupper på dei fleste stasjonane. Dette fungerte veldig bra og var god trening for ein del av elevane som ikkje er vande til å arbeide på denne måten. I tillegg fekk nokre av dei eldste elevane vere med å hjelpe til på stasjonar med dei yngste.
Veka var ein stor suksess, både for store og små. Vaksne og elevar utfordra seg sjølve på oppgåver dei ikkje var heilt trygge på i forkant og læringskurva var bratt. Me får seie som dei sa i stilane før: Alle var einige om at det var ei kjekk veke!

Innsendt av Grinde skule

Teknologiveka på Grinde skule engasjerte stort. Foto: Grinde skule