Synnøve Bårdsen Lindanger, Hege Haukeland Liadal og Sigmund Lier var med og hedra Magne Rønnevik som har vore medlem i partiet i 50 år.
Synnøve Bårdsen Lindanger, Hege Haukeland Liadal og Sigmund Lier var med og hedra Magne Rønnevik som har vore medlem i partiet i 50 år.

Årsmøte i Tysvær Arbeiderparti

Tysvær Arbeiderparti har hatt årsmøte og fleire av medlemma i partiet blei heidra for lang og tru teneste.
Magne Rønnevik har vore medlem i partiet i 50 år.

Stortingsrepresentant for AP Hege Haukeland Liadal hadde tale og kom inn på at Arbeiderpartiet er eit FOLKEPARTI, og at arbeid, helse,kunst, klima og kvardagsinkludering er viktige kampsaker for AP. Midlertidig ansettelse må det bli slutt på og fast ansettelse må vera målet.
Kulturkort for ungdom må også prioriterast, og at ungdom fullfører vidaregåande skule. Noreg treng eit yrkesfagløft. Skulehelsetenesta må styrkast og med Jonas G Støre som statsminister, vil AP øyremerke midlar til skulehelsetenesta.
Innan grunnskulen kom Hege inn på «Lese, skrive og reknegarantien».
Grunnskulen treng fleire lærarar og tryggare skular. Aktivitetsskulen er eit nytt begrep, og sak som AP vil ha i programmet sitt som blir lagt fram til våren.

Styret i Tysvær AP:

Synnøve Bårdsen Lindanger – leiar
Geir Helge Hansen – nestleiar
Trond Tindeland – sekretær
Aleksander Snare – kasserar
Kathleen B Askeland – studieleiar
Bodil Svanberg – styremedlem
Åse Paulsen – kvinnekontakt
Tara N. Baral – Haugaland AOF
Anita Halsnes – gruppeleiar kommunestyret

Synnøve Bårdsen Lindanger, leiar