Hege byr på ein kopp te. Yorkshire te, for å vere presis. I ei skuffe på kjøkkenet heime hos foreldra i Skjoldastraumen har ho samla ein heil pose med den engelske teen.
– Eg måtte hamstre då eg flytta frå Manchester, seier ho, og heller mjølk i tekoppane.
Sidan juni har ho budd heime i Straumen, etter at ho var ferdig med bachelor i sosiologi ved University of Manchester. Ho har rett nok vore nokre månader på New Zealand for å besøke kjærasten Kyle, men basen har ho hatt hos foreldra. Nå er bagen til Hege pakka igjen, og denne gongen er det nettopp New Zealand som står på biletten.
– Mamma og pappa synest det var langt då eg budde i Manchester. Nå skal eg altså flytte så langt vekk som det overhovudet er mogleg, ler Hege, og slenger seg ned i sofaen med tekoppen mellom hendene.
Ho er vekas portrett i papiravisa