Helene Uri kjem til Tysværtunet for å diskutere korleis språket vårt endrar seg.
Helene Uri kjem til Tysværtunet for å diskutere korleis språket vårt endrar seg.

Set språket under lupa

Språkforskar, professor og forfattar Helene Uri kjem til Tysværtunet for å diskutere korleis språket vårt endrar seg. For det gjer det.

– Ho er ei av dei som kan mest om dette emnet i Norge, skriv Tysvær folkebibliotek i omtalen av arrangementet.
Det norske språket er i stadig endring. Det er ikkje til å stikke under stol at unge snakkar annleis i dag enn det ein gjorde for femti eller hundre år sidan.
Korleis endrar språket seg, og kva påverkar det? Er det samanheng mellom språk og identitet? Og kva gjer aukande kommunikasjon via data og mobil med ordval og språk?
Dette er noko av det Uri vil snakke om under språkkvelden.

Anerkjend
Helene Uri har gitt ut både faglitteratur, barne- og ungdomsbøker og romanar. Ho var førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske fag ved Universitetet i Oslo frå 1998 og fram til ho slutta for å bli forfattar på fulltid. Frå 2012 er ho professor i kreativ skriving ved Høgskolen Kristiania. Torsdag skal ho fortelje om endringar i det norske språket i biblioteket på Tysværtunet.
– Eg vil snakke om generell spåkendring, og korleis språket endrar seg frå generasjon til generasjon. Eg vil snakke litt om ordforråd og korleis ein set orda saman, fortel Uri som legg til at ho vil ta utgangspunkt i sin eigen dialekt.
– Alt språk forandrar seg, og det er lett å sjå mekanismen i dei same endringane som skjer ulike stader, sjølv om ein ser lokale variantar. Eg vil også gjerne lytte og lære om dei språkendringane som skjer hos dykk, seier ho.
Låneord frå engelsk og andre språk meiner ho er ei typisk språkendring for alle former for norsk.
– Språket kan bli påverka av engelsk, men også av minoritetsspråk. Det handlar om kva språk ein har kontakt med i nærmiljøet. Hijab, til dømes, er plutseleg eit kjend ord, seier ho.
Ho meiner at språket også kan bli påverka av næraste store by, noko som kanskje ikkje er eit heilt ukjend fenomen her i Tysvær.

Samtale og signering
I etterkant av arrangementet blir det samtale og spørsmål, der Tysvær og Karmsund mållag også medverker.
Uri skal også presentere den siste romanen sin, «Hålke». Det blir boksal og signering.
Romanen til Uri handlar om Ebba og Karl som har vore gift i mange tiår. Nå er dei pensjonistar. Fysikken er ikkje kva den ein gong var, og ekteskapet har gått inn i vinterfasen, men dei kan framleis tirre og tenne kvarandre. Ein dag er det så glatt og nedisa utanfor at paret blir isolerte i leilegheita. Etter ei stund blir matmangelen påtakelig, og klaustrofobien til å ta på. Fram frå fortida dukkar skuggane opp, med svik utruskap, uvisse, vald og manipulering.