Nyvalt styre i 4H Rogaland. Frå venstre Johanna Veim Eikje, Magne Helleren, Ola Tomlinson, Torbjørn Joa, Levar Sand (vara) og Åsmund Langeland Mæle. Foto: 4H Rogaland
Nyvalt styre i 4H Rogaland. Frå venstre Johanna Veim Eikje, Magne Helleren, Ola Tomlinson, Torbjørn Joa, Levar Sand (vara) og Åsmund Langeland Mæle. Foto: 4H Rogaland

Mannsterkt styre i 4H Rogaland

Johanna Veim Eikje frå Tysvær er valt inn i det nye styret til Rogaland 4H. Torbjørn Joa er ny leiar.

«- Eg gler meg til å bli kjent med det nye styret og saman finne gode løysingar for både prosjekt og saker på kort sikt, men også lang sikt seier nyvalt leiar i 4H Rogaland, Torbjørn Joa (19) frå Sola.

4H Rogaland har 1400 medlemmer og er eit av dei største 4H-fylka her i landet.
-Vi har aktivitet i kvar ein krok av fylket i til saman 36 lokale 4H-klubbar fordelt inn i 8 nemnder, fortel Torbjørn. I løpet av eit år har vi i tillegg til lokal aktivitet over 1000 deltakarar på fylkesarrangement, held han fram.
Geografisk spreiing er det også i det nye styret. Torbjørn har med seg Johanna Veim Eikje frå Tysvær, Magne Helleren frå Ualand, Ola Tomlinson frå Randaberg og Åsmund Langeland Mæle frå Årdal.
-Vi i 4H Rogaland har ei svært spennande tid framfor oss mellom anna med Landsleir sommaren 2018, 4H-gardsprosjekt saman med dei andre fylka i vest og mykje meir. Desse store prosjekta krev stort engasjement hjå medlemmane våre. Målet er at 4H skal bli betre kjent og at vi kan halde fram medlemsveksten vi ser i 2016, avsluttar Torbjørn.