Dei tør satse

Denne veka har me fokus på litt av det som skjer innan næringslivet i Tysvær. Me har besøkt verksemder innan industri og landbruk som satsar, og som har gode tider.

Ikkje bare sett i eit økonomisk lys, men også at det dei driv med er framtidsretta og gjer håp om drift i lang tid.
Sist helg var det stor opning i fjøset til Torleif Susort heime på garden i søre-Tysvær. Det er imponerande det han har fått til med si satsing på oksar. At det kom nærar 500 på opninga viser interessa for landbruk i kommunen vår. Susort sin gard blir på mange måtar eit nytt flagskip som unge bønder kan strekke seg etter.
Litt lengre nord i Tysvær på garden «Fjedlet» har det unge paret Solvor Kringeland Sundfør og Leif Rune Sundfør investert i eit stort grisehus på den 760 da store garden. Moderne og framtidsretta der også.
Og slike eksempel har det vore fleire av i Tysvær dei siste åra. I ei næring under stadig press er det framleis mange som klarer å tenke nytt. Dei klarer å skape entusiasme i det dei driv og får på plass både den økonomiske biten, samt gode avtalar når det gjeld kjøp og sal.
Jordbruk har alltid vore ein bærebjelke i Tysvær-samfunnet, og det har dei siste åra vore eit visst fokus på korleis det skal gå å drifte alle gardane våre i framtida. Det må kunne seiast, utan å påstå nokon som helst kunnskap innan detaljert landbruk, at dei som vågar å tru på framtida klarer å få til mykje på relativt kort tid.
Men det er ein kamp, og ikkje uventa takkar dei fleste familie og venner i sine opningstalar. Det nyttar ikkje å satse utan full støtte frå sine næraste.
Med dette bakteppe blir det svært viktig for både lokale- og fylkespolitikarar å lytte til næringa når regionsplanar og meir detaljerte kommuneplanar skal opp til vurdering med ujamne mellomrom. Blir det lagt til rette for eit moderne landbruk? Gjer ein næringa attraktiv nok for den kommande generasjon bønder? Blir det satt av areal og infrastruktur som legg til rette for at Tysvær også i framtida skal kunne skryte av eit levande landbruk?
Eg veit det er mange som er skeptisk til nettopp det. Grunnen kan vere at dei kampane dei må ta skjer i det stille. Og så har ein i seg ein stå-på-vilje som gjer at det ordnar seg til slutt likevel. Men me kan ikkje bygge framtida på det.
Landbruk har og må ha ein sentral plass i Tysvær kommune. Så lett og så vanskeleg er det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør