– Eg meiner at det bør være ein menneskerett å få bu saman med den ein har delt livet sitt med sjølv om man kjem på sjukeheim. Dei gongene begge hamner på sjukeheim er det naturlig at dei får bu saman også der, seier Ola S. Apeland, Høgres gruppeleiar og varaordførar.
Saka blei på nytt aktuell då formannskapet i Arendal vedtok garanti for at ektepar og sambuarar i kommunen, skal kunne bu saman. Det same gjeld i Oslo.
– Eg meiner dette nå bør luftast som sak i det politiske Tysvær. Her må me vere offensive og vere førebudd på ei eldrebølge me veit kjem. Det er rimeleg hjarterått at ein ikkje skal kunne ha eit slikt tilbod. Eg trur me nå kan starte ein god prosess, som rådmannen kan jobbe vidare med og lage ei politisk sak ut av. Med den kompetansen og dei mulegheitene me har i kommunen, så bør dette la seg gjere å ha som eit tilbod, seier Apeland.
Les heile saka i papirutgåva