Denne veka var humpane på plass. Det er spesielt i botn av bakkane ned til Førresbotn at det går for fort i forhold til fartsgrensa, som er 30.
– Me har gjennom lån av utstyr frå Karmøy kommune målt farten i dette området over ei veke og resultata var nedslåande. Her er det skilta med sone 30, noko som betyr at det er 30 over alt. Gjennomsnittsfarten var 46 kilometer i timen, og mange av dei som kjørte gjennom målinga ville nok mista sertifikatet om det hadde vore kontroll. Det kan vere fleire grunnar til at så mange kjører for fort. Deler av vegen har gul midtstripe og fortau. Det gjer nok at ein del tolkar fartsgrensa feil. Me må holde oss til den grensa som er, og då må det opp noko som fysisk hindra sjåførane å kjøre for fort, seier fagansvarleg på veg, Arne Henry Grottvik i Tysvær kommune.
Førresbotn er ein trafikal «jungel» med både uoversiktlege kryss, skuleungar, stikkvegar og i den andre enden av skalaen nokon av dei beste metrane med veg som er i kommunen.
Les heile saken i papiravisa