Nå går det rundt

Sist veke var me invitert til rådhuset på marsipankake og gode nyhende frå ordførar Sigmund Lier.

Departementet hadde sagt ja til at Tysvær kommune kunne få lov til å forskottere 55 millionar til eit nytt kryss i Aksdal. Ein lang kamp er dermed vunne og nå smell startskottet i Aksdal-utviklinga.
Det er ein del som har lurt på kvifor ein jublar over å få lov til å forskottere så mykje pengar. Utfordringa for Tysvær har vore at dette er pengar som dei vil få igjen om krysset blir godkjend, og Vegvesenet startar arbeidet. Det kan dei nå når finansieringa er på plass. Forhåpentlegvis kjem pengane i retur allereie neste år.
Kvifor er dette då så viktig?
Det er fleire punkt i utviklinga i Aksdal som nå kan få eit positivt teikn. Verken den «Italienske landsbyen», bussterminalen, utvikling av Aksdal Senter, Albatross og den såkalla «trekanttomta» har vore muleg å gjere noko med utan at tilkomsten via Aksdalskrysset blir utbetra. Når den nå kjem på plass er eit høgt hinder riven vekk.
Det betyr likevel ikkje at gravemaskinane står klare verken her eller der. Neste veke blir landsbyen ved vatnet tatt opp til 1. gongs handsaming i teknisk utval. At det vil vere ein del spørsmål rundt prosjektet som ligg så tett opp til eit vatn, seier seg sjølv. Nå har utbyggerane vore tett på med fylkesmannen, men kva tid det blir fysisk oppstart på dei omlag 250 bueiningane er det ingen som veit.
Albatross er namnet på eit bygg som skal komme like ved kyrkja og Tysværtunet. Det skal også godkjennast. Lite tyder på at me ser gravemaskinar der i 2017, sjølv om det skal vere politisk støtte til prosjektet.
Kollektivterminalen kjem framføre rådhuset og blir ein del av prosjektet med å lage nytt kryss. Det opnar for det store spørsmålet; Kva skje med Aksdal Senter?
Der er det fleire alternativ.
1) Det blir seld slik det står i dag, rive og bygd opp igjen.
2) Det blir modernisert og utvikla til eit moderne senter, kanskje ala Amfiesenteret i Åkrehamn på Karmøy.
3) Det skjer ingenting.
Sjølv om flyttinga av dagen bussterminal og opning av gjennomgangsvegen på austsida vil gjere at det er fleire mulegheiter, så er det mange som fryktar at alternativ 3 er det som i første omgang vil vere det som skjer. Ein av grunnane er parkering. Som me har skrive mange gonger er det ikkje berre ei stor trong for fleire parkeringsplassar, men også eit krav.
Kanskje kan eit parkeringshus på trekanttomta løyse mykje av dette.
Til slutt er det ein ting til som ikkje må gløymast i slike store prosjekt, nemleg finansiering. Me har åtvara kommunen tidlegare om å gå inn med for mykje kommunale pengar i slike prosjekt. Det er ikkje ein kommunal jobb. Og dei som tvilar på at det er «så mange» og «så store» aktørar som brenn etter å investere 100-vis av millionar kroner i Aksdal blir stadig fleire.
Det vil skje noko. Men kor mykje, og kva tid, er det ingen som kan eller vil svare på.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør