Laurdag blir det mange flotte hestar og sjå på Skeiseid når det blir arrangert distanseritt. Til venstre Helene Vermundsen og Ellen Annette Gutubakken.
Foto: Privat
Laurdag blir det mange flotte hestar og sjå på Skeiseid når det blir arrangert distanseritt. Til venstre Helene Vermundsen og Ellen Annette Gutubakken.

Bles liv i distanseriding

Laurdag er det ein unik moglegheit til å ri distanseritt i Tysvær. Det er starten på fleire slike ritt.
Etter at Ellen Annette Mogensen Gutubakken gjorde ein sterk prestasjon under distanserittet Nordic Baltic Championship var det ein del ryttarar som blei nysgjerrig på kva dette var for noko.

Det har mellom anna Tina Kvinnesland Brekke og nettopp Gutubakken tatt tak i saman med Indre Haugaland Ryttersportsklubb og arrangerer laurdag langdistanseritt med utgangspunkt i ridesenteret på Skeiseid.
– Det me vil er å legge til rette for denne disiplinen innan hestesport og då er det ein god start å ha eit ritt kor det blir gitt tips og råd til ryttarane undervegs. Målet er at alle skal fullføre og ikkje å kåre ein vinnar. Me trur det er ein fin måte å komme i gang på. Eit anna mål er å skape god stemning rundt stallen, der folk kan snakke saman og dele erfaringar, seier Kvinnesland Brekke.
Ho er sjølv ein erfaren distanseryttar og blir med på sløyfa som er ei mil. Gutubakken er på jobb og kan dessverre ikkje vere med, men faren Jan har erfaringar frå både EM og VM og stiller opp som følgje på tremila.

Jamn fart
– Kva er nøkkelen for eit distanseritt?
– Det er å kjøre i ein jamn fart heile vegen. Då fungerer hesten best og det er viktig i distanseritt, kor det er veterinærtest av hesten etter målgang. Så det å lytte til hesten sin og kjenne den godt er ein nøkkel her for å bli god.
– Kva type hestar fungerer best i slike ritt?
– Araberhest er det dei som utmerkar seg best i dei høge klassane, men på dei distansane som me tilbyr nå, kan alle hestar vere med. Som sagt skal me denne gongen ha fokus på læring både for ekvipasjar og klubben som ferske stevnearrangørar, seier Kvinnesland Brekke.

Les heile saka i papiravisa