Torleif Susort har besøk av kokkane Lasse Haukaas og Robert Vikse, som denne veka skal serevere og selje kjøt frå garden i butikken. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Torleif Susort har besøk av kokkane Lasse Haukaas og Robert Vikse, som denne veka skal serevere og selje kjøt frå garden i butikken.

Milevis på hesteryggen i vårsola

Laurdag var 20 ryttarar til hest i område rundt Skeiseid. Indre Haugaland Ryttersportklubb arrangerte distanseritt, der nøkkelen er å halde jamn fart.

Ryttarar i alle aldrar, og frå heile distriktet, stod klare på startstreken på Skeiseid laurdag føremiddag. Nokre skulle ta ut på tre mil til hest, medan andre skulle legge bak seg ei mil. Før og etter rittet skulle hestane gjennom ein veterinærsjekk, slik det også er på store distanseritt.
Målet med stemnet var å legge til rette for denne disiplinen innan hestesport, komme med gode råd til til ryttarane og ikkje minst ha ein kjekk dag i lag. Målet var ikkje å kåre ein vinnar.
Og ein kjekk dag blei det, med vår i lufta, nysteikte vaflar i kiosken og nydelege hestar i trav i løypene.

Les meir i papirutgåva på torsdag.