I november stengte som kjent brannvesenet dørene på Avanti. Berre éi veke seinare gjorde politikarane strakstiltak for å brannsikre fritidsklubben sine lokale på Frakkagjerd. Ingen i formannskapet hadde innvendingar mot å bruke 210.000 kroner på jobben.
– I første omgang skal me få godkjent så mykje som muleg av dagens lokale, slik at dei kan starte opp igjen. Vidare må me sjå korleis me skal løyse krava til universell utforming. I tillegg er garasjen og kontora i bygget godkjent, slik at den aktiviteten kan halde fram som før. Nå har me prioritert å få opna Avanti så snart som muleg, sa ordførar Sigmund Lier den gongen.
Les heile saka i papiavisa