Ivrige batterijegerar. Bak frå venstre står: Amalie, Sebastian, Sverre, Magnus, Nicholas, Anton, Elly og Irmelin.
Ivrige batterijegerar. Bak frå venstre står: Amalie, Sebastian, Sverre, Magnus, Nicholas, Anton, Elly og Irmelin.

Med på årets «Batterijakten»

På Førland er dei i full gang med å jakte på batteri. Både for å spare miljøet – og for å stikke av med vinnarpotten på heile 30.000 kroner!

Ikkje meir enn 450 av 1.750 tonn batteri blir gjenvunne i året. Med andre ord så kastar me 1.300 tonn batteri i søppla eller i naturen. Denne negative trenden vil «Batterijakten» til livs. Kvart år samlar fjerdeklassar i Norge inn hushaldsbatteri i den nasjonale konkurransen. På Førland er dei godt i gang med å samle inn – og slå eit slag for miljøet!

God start
«Batterijakten» blir arrangert av Miljøagentene – i samband med Clas Ohlson, VARTA og Elretur. Fjerdeklassar landet over deltar altså, og dei konkurrerer mot kvarandre – med 30.000 kroner i premiepotten! Nytt av året er også vekekåringar av beste bilde, der ein kan vinne 5.000 kroner.
Store klassar – med over 15 i klassen konkurrerer mot kvarandre og små mot kvarandre. Konkurransen i år går frå 8.-28. mars, og totalvekta batteri blir til slutt fordelt på antal elevar i klassen. På skular der det er få elevar kan 3.- og 4. klasse få samle inn saman. Det gjer dei på Førland.
– Me har berre samla inn i nokre dagar, men me har allereie fått inn masse, fortel Olea (3. klasse) og Elly (4. klasse), då me besøker dei fredag førre veke.

Viktig oppgåve
Konkurransen byrja offisielt på onsdagen 8. mars, då kunne ein starte innleveringa på Clas Ohlson. 28. mars er den siste dagen ein kan levere inn. På berre eit par dagar hadde elevane i 3.- og 4. klasse på Førland samla inn 2 kilo batteri kvar.
– Me banker på dørene til naboane og går til familien. Så samlar foreldra våre inn på jobb, seier Olea.
Og dei er allereie fullt klar over gevinsten med å samle inn batteri.
– Det er for å spare miljøet. Når batteria får ligge ute i naturen, så blir gift sleppt ut. Det er ikkje bra for verken menneske eller dyr, seier Cecelia.
Resten av klassane følgjer opp med innspel om kor viktig det er å ikkje få gifta i matjorda, ta vare på den sjeldne sinken og skåne omgivnadane.
– Me reinsar jo faktisk naturen no, resonnerer Elly.
– Ja, me vil jo ikkje at han skal bli øydelagt, og då er det viktig at me gjer det me kan, nikkar Olea.

Les meir i papirutgåva…