– Det var utruleg vanskeleg, men også lærerikt, fortel 7. klasseelevane på Førland skule. Dei har nyleg lagt bak seg ei veke utan digitale verktøy.

Bak frå venstre: Asbjørn, Louise og Amelia. Framme: Karl Erik, Henning, Endré, Hedda og Pernille. 7.klassingane var nøgde med å ha gjennomført ei veke utan digitale verktøy. – Det har fått oss til å tenke, seier dei. Foto: Mona Terjesen

Ei veke utan data og mobil

– Det var utruleg vanskeleg, men også lærerikt, fortel 7. klasseelevane på Førland skule. Dei har nyleg lagt bak seg ei veke utan digitale verktøy.

av Mona Terjesen

Det kan høyrast enkelt ut, men i 2017 er nettbrett, data, Mac og telefonar like vanleg for barn og unge som smør på brødskiva. Og då er det ikkje berre enkelt å legge alt ifrå seg ei veke.
– Det var ikkje berre på skulen me skulle la det ligge, men også heime. Det var ikkje lett, men ein kom inn i det etter kvart, fortel Pernille.

Mykje tid
Me lever i ei tid der stadig meir av tida vår går til bruk av digitale verktøy. For å få elevane til å tenke over kor mykje tid det faktisk er snakk om, og kor stor del av kvardagen som går til dette, føreslo læraren deira Elida Grutle ei digitalfri veke.
– Tidlegare i vinter gav eg dei utfordringa om å prøve seg ei veke utan digitale verktøy. Dette blei dei med på. Me sette oss ned saman og bestemte oss for kva veke me skulle starta, og skreiv ned reglar for veka. Etterpå laga eg ein logg som dei skulle skrive kvar kveld og ei infoside i starten av heftet om sjølve oppgåva. Målet er altså å få elevane til å tenkje litt over kor mykje tid digitale verktøy tar av kvardagen vår. Dei har då funne på andre ting å gjere som å spele spel, leike meir ute, lese ei bok, lage mat og funne på kjekke ting ilag med familie og venner, fortel Grutle.

Klare reglar
Reglane som læraren og elevane blei einige om sa at dei kan bruke mobiltelefonen i naudsituasjonar, bruke hustelefon, sjå film i helgane, sjå på vanlege TV-kanalar og høyre på radio.
Dei fekk ikkje lov til å bruke smarttelefonar, nettbrett, PC, Play Station, X-box, smartklokker eller liknande, sjå på Netflix, Viaplay, Tv med leige av filmar eller seriar, HBO eller liknande.
– Det var utruleg godt å få lov til å bruke alt igjen. Men no har me også sett kor mykje tid me bruker på dette, seier elevane då me besøker dei fredag førre veke.

Elevbidraga kjem
No har 7. klasseelevane gjennomført oppgåva, og dei skal i løpet av nokre veker skrive ein argumenterande tekst om: «Bør skjermtid reduserast?».
Også fleire klassetrinn ved Førland skule har bestemt seg for å gjennomføre digitalfri veke.
Tysvær Bygdeblad kjem til å følge denne saka, og presentere elevane sine erfaringar med deira eigne ord når tekstane er klare.