Du Vibeke, du Vibeke

Eg kjenner ikkje Vibeke Sørensen privat. Eg skjønar ikkje kor hardt Parkinson kan ramme, sjølv unge folk.

Eg fattar heller ikkje kor dei som er alvorleg sjuke hentar kreftar sine frå. Eg er imponert kvar gong eg blir fortalt om kampar som blir tatt, igjen og igjen, sjølv om ein veit at sluttresultatet for dei fleste er håplaust.
I løpet av 14 dagar har eg møtt Vibeke Sørensen fleire gonger. Eg hadde tidlegare lest og høyrt mykje om henne, og har med ujamne mellomrom også møtt henne diverse stadar i jobbsamanheng. Eg har høyrt andre fortelle om ei sjuk kvinne med eit unikt pågangsmot som andre berre stille må beundre. Ho har gjennom førestillingar sine opna seg opp, og fortalt alle som vil høyre om den forferdelege sjukdomen som ein ikkje kan kvitte seg med. Då ho sat i benken på kontoret mitt første gongen, såg eg ein sjuk person det var lett å synast synd på. Ho syns ikkje det. Der eg stilte negative spørsmål, svarte ho berre positivt. Der eg såg mørke, såg ho lys. Og ikkje minst; der eg såg alt det som ikkje går, såg ho berre mulegheiter.
Ho gjer det for sin eigen terapi, men eg trur også slike menneske gjer det for alle dei andre. For alle dei som ikkje har denne energien eller tør stå fram. For det er samstundes også eit skrik om at samfunnet ikkje må gi opp når sjukdom rammar, men stå opp og gjere alt som gjerast kan.
Og det handlar om tunge stunder, kor sjukdom riv og slit i ein. Kor helsevesen og dei som styrer er ein fiende på lik line med sjukdomen sjølv. Kor det å be om lite plutseleg er ei stor oppgåve. Kor det å vere sjuk, for mange, kjennest ut som ei last for heile samfunnet, samstundes som det bryt både deg sjølv og dei rundt deg ned til avgrunnen.
Når Vibeke nå rundar av førestillingar sine saman med Mr. Parkinson, håpar eg også dei som styrer norsk helsevesen har fått med seg dette fargerike ekteskapet. At lokalpolitikarane i Tysvær har sikra seg billettar på rad 1, og at helsepolitikk aldri blir nokon salderingspost. Av og til må ein skrike høgt og stille hovudet for hogg.
Vibeke Sørensen har gjort det, for seg sjølv og for alle andre. Det kan både vere «kleint» og vanskeleg å få det servert rett i fleisen, men det er noko med det ekte i dette ekteskapet, som Sørensen har fått fram.
Tida leger nemleg ikkje alle sår, sjølv om den Vibeke som kom på kontoret denne veka, ikkje hadde dei same skjelvingane, ikkje den same medisineringa og to store arr midt i hovudet som eit bevis på at det vil vere betre tider i vente.
Så takk skal du ha for at du har tatt kampen i det offentlege rom. Men du veit som mange andre at Mr. Parkinson ikkje er ein som lar seg skilje på grått papir. Derfor står det ekstra stor respekt av den jobben du gjer.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør