Skjermbilde 2017-03-23 kl. 10.43.57

Håper å feire 50 år med rekordinnsamling

Reint vatn kan redde liv, og ureint vatn kan ta liv. Alle land i verda, også Noreg, har sagt at alle skal ha tilgang til reint vatn innan 2030.

Den 4. april skal konfirmantane gå med bøsser og samle inn penger til dette formålet. Også mange konfirmantforeldre er engasjerte som sjåførar mm. På nokre få timar kan dei vere med på å forandre mange menneskeliv. Det er stort!
I fjor kom det inn 34 millionar kroner til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Pengane sørger for at mange tusen menneske får tilgang til reint drikkevatn, og på den måten reddar menneskeliv.
Landsdekkande aksjon gjennom 50 år
Fasteaksjonen finn stad i byar og bygder over heile landet, og det er i år den 50. gongen at Kirkens Nødhjelp arrangerer aksjonen. I år er også Fasteaksjonen den diakonale delen av Den norske kyrkja si markering av at det er 500 år sidan den lutherske reformasjonen.

– Det er stort å få være en del av en landsomfattande aksjon, der kyrkjelyder over heile landet går saman om å gje fleire reint vatn. Mange vil seie at det ikkje er vår oppgåve å sikre reint vatn til folk i andre land, men som kyrkje er me del av ei verdsomfattande rørsle, og me i Tysvær skal ta vår del av ansvaret. I fjor vart det samla inn 134973 kroner i Tysvær kommune. Det er me veldig godt nøgde med, men det hadde jo vore moro å samle inn endå meir i år, seier diakon Kjersti H. Lofthus.
Millionar med ureint drikkevatn

– Diakoni er ein heilt sentral del av ei kyrkje si verksemd, og Kirkens Nødhjelp er stolte av å vere den diakonale delen i 500-årsmarkeringa av reformasjonen. Me veit også at dette jubileet vert feira i kyrkjer i landa kor me driv naudhjelp og bistand, og det er fint å sjå korleis tru kan bygge bruer, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland.
Over heile Noreg vil frivillige banke på dører frå den 2. til 4. april slik at flest mogleg får sjansen til å støtte arbeidet for reint vatn til fleire. Gjennom dei 50 åra Fasteaksjonen har blitt arrangert har ein million nordmenn gått med bøsser, og fleire hundre tusen menneske har fått hjelp på ulike vis.
I år er det reint vatn som står i sentrum, for sjølv om reint drikkevatn er ein rett alle menneske har, så er det likevel millionar av menneske som ikkje har tilgang til slikt vatn i dag.
Me oppfordrar folk i Tysvær til å ta vel imot konfirmantante tysdag 4. april, og støtte dette viktige arbeidet. Saman kan me bety ein livsviktig forskjell for mange menneske, seier diakonen.