På sitt beste kan Skjold slå kven som helst. På sitt mest ustabile blir det ein beinhard kamp om kvart einaste poeng. Gode kampar i vinter vitnar i alle fall om at laget ikkje er blitt dårlegare enn i fjor. Men nå er 4. divisjon blitt toppa.
– Eg er spent, både på serieopninga og på sesongen, seier trenar Håkon André Waage.
Ålgård
I kveld får han svara på det første. Kampen mot Ålgård vil gi ein peikepinn på korleis Skjold taklar kampen om årets første poeng.
– Det som er spenninga i seriestarten er om me har «sleppe opp» treningane i tide, og om grunnlaget vårt er godt nok. Siste kamp mot Kopervik viste at me hadde krefter til ein sluttspurt, og det var svært gledeleg. Elles har det vore stabilt bra gjennom heile januar og februar. Gutane har jobba hardt, og det har vært mykje positivt å ta med seg. Mars har vore meir ustabil, med ein del forstyrrande element som skileirskular og anna. Likevel sit eg igjen med ei kjensle av at me er klar, seier Waage, som kan stille toppa mannskap i kveldens bortekamp.
Den einaste spelaren som er usikker er Roald Berge som slit med ein liten skade. Aleksander Gundersen speler garantert ikkje etter at han fekk raudt kort på tampen av sist sesong.
Les heile saka i papiravisa i dag
Hiusk å tippe før klokka 17.00: https://tysver-bygdeblad.no/tippekonkurranse/
Ålgård – Skjold
Nye Ålgård stadion torsdag klokken 19.00
Skjold:
1 Håvard Eiken Spartveit
2 Jonas Staurland
4 Vebjørn S. Rullestad
5 Halvor Hansen
6 Morten Bådsvik
8 Sander Hettervik
9 Christian Askeland
10 Berge Ohm
11 Tollak Emil Gismarvik
12 Håkon Bådsvik
15 Håvard Hovland
16 Hilberg Nemeth
17 Daniel Aarås
18 Oddbjørn Skogøy Halvorsen
19 Sondre Bådsvik
24 Tor Andre Eskevik
87 Roald Berge
88 Vegard Steinsland
Ålgård:
1 Kenneth Sæland Espedal
3 Christer Sivertsen
5 Halldor Broddi Thorsteinsson
6 Benjamin Ravndal
7 Zabi Habibullah
8 Henrik Kommedal
9 Dardan Shabi
10 Sean Owen Christmas
11 Gunnar Valsson
14 Ezekiel Bala
16 Christer Andre Reinertsen
17 Aslak Ravndal
18 Christer Eide Hansen
19 Ezmet Ekber
20 Kristofer Atli Bjarnason
22 Sven Næsse
23 Alexander Viland
24 Vikar Valsson