Det har vore eit sjokk for mange å oppdage kor mykje avfall som kjem inn på strendene våre. Men då ein først kom i gang med ryddinga meldte både små og store seg til teneste. Det heile skal ha utvikla seg til ein sosial happening, der latter og alvor har vore viktige element.
Men når ein får eit slik fokus har det ein tendens å komme tips om det motsatte. Om natursvin som lastar søppel i bilen og finn ein eller annan stad å kaste det frå seg. I løpet av kort tid fekk me inn fleire slike tips, og eit av dei me sjekka opp i krysset Kårstøvegen/E39, var av det triste slaget. Søppel, plast og ein gamal vedomn låg slengt ved turstien, rett ved ein bekk.
For dei som i timevis har gått time etter time i kaldt vårvêr og plukka søppel blir slikt et slag midt i «trynet», for å bruke eit godt gamal uttrykk. Ikkje berre er det naturforureining, det er også eit signal om at altfor mange meiner at det er greitt å gjere slik.
Det kan vere fleire grunnar til at me framleis tar den lette løysinga og slenger frå oss søppel i naturen. Mange meiner det er for langt og for vanskeleg å bli kvitt søppel på Toraneset eller på Årabrot. Etter å ha lese tala om søppelsortering, som blei presentert denne veka, er det også mange som meiner det er eit ork berre å sortere i dei tre dunkane me har fått. Berre å legge plast i plastsekken ser ut til å vere for mykje forlangt for mange.
Og då må ein nesten ha lov å spørje kvifor?
Kvifor skal ein ikkje ta eit felles ansvar, og gjere denne jobben når det nå dei siste åra er blitt lagt til rette for det? Kvifor skal ein bruke tid på å laste opp i bilen og kjøre rundt og leite etter ein skogsveg, kor dei kan dumpe søppel? Handlar det om latskap, pengar, eller er det rett og slett berre dumskap?
I barnehagane og skule jobbar ein mykje med naturvett. Der veit ungane kva som skal bli gjort med matavfall og søppel. Spørsmålet er kva dei lærer heime.
Eit anna spørsmål er om det er for vanskeleg og dyrt å få levert inn spesialavfall? Eg har ikkje noko svar på det, fordi det varierer frå kommune til kommune. Men er det slik at det er for vanskeleg og for dyrt, ja så er det eit samfunnsproblem ein må ta tak i. Me kan ikkje ha det slik at naturen flyt over, fordi nokre meiner det er for dyrt å gjere dette på den lovlege måten.
Og om du lurer på om det verkeleg er så galt at det flyt over av søppel?
Vel, ta ein kikk på diverse nettsider og sjå resultata av søppelryddinga på Haugalandet. Det er ille, skikkeleg ille.
Så tusen TAKK til alle dei som har gjort ein formidabel jobb og FY til alle dei som har gjort denne ryddeaksjonen nødvendig.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør