Det unge paret har ei flott tomt langs Hervikvegen og var på jakt etter sitt aller første hus. For Guro Jessen og Kenneth Austerheim var det fleire moment som spelte inn. Sjølvsagt pris, men også kor fort dei kunne realisere draumen om sitt eige hus.
– Me leita ei stund på nettet og snakka med ein del folk, men hamna stadig tilbake på sidene til Älvsbyhus, som også hadde eit lokalkontor her. Dei hadde fleire modellar som me fall for og det var lova at ein hadde eit fiks ferdig hus på berre sju veker. Sjølve råbygget reiste dei på ein dag, seier dei to.
Les heile saka i papiravisa