Lova er klar, kastar du søppel andre stader enn i søppeldunkane dine, så blir du straffa. Slik såg det ut ved avkjørselen til Kårstø denne veka. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Lova er klar, kastar du søppel andre stader enn i søppeldunkane dine, så blir du straffa. Slik såg det ut ved avkjørselen til Kårstø denne veka.

– Forsøpling kan koste deg dyrt!

Du skal tenke deg nøye om før du dumpar søpla di i naturen, slik som nokon no har gjort ved avkjøringa til Kårstø. Politiet varslar både bøter og fengselsstraff.

Lova er klar, kastar du søppel andre stader enn i søppeldunkane dine, så blir du straffa. Bøter på rundt 10.000 kroner er vanleg, og i nokre tilfelle kan det også føre til fengselsstraff. Og då snakkar me alt frå tre månadar til fem år!
– Det kjem an på kva ein dumpar. Om det er giftig avfall, om det blir kasta i naturen, og om det er til stor sjenanse for andre… alt dette speler inn, forklarar lensmann i Tysvær, Racin Tjøsvoll.

Fare for andre
I forureiningslova står det at den som forsettleg eller uaktsamt forureinar i strid med lova, blir straffa med bøter eller fengsel inntil tre månadar – eller begge deler. I tilfelle der forsøplinga er til skade eller ulempe for naturen og omgivnadane kan straffa bli to år. Og om det også er fare for menneskeliv eller helse, så kan ein få heller fem års fengsel.

LES HEILE SAKA I PAPIRAVISA