Påskeferien kjem som ein oase med både håp om sol, sjø og kanskje ein fjelltur. Ikkje minst er det ei høgtid for kyrkjelyden.
Slik er det for mange og kreativiteten er stor når det gjeld om å samle krefter. På mange måtar er dette viktigare enn ein kanskje trur. Me lev i ei tid kor stress jagar rundt oss frå alle kantar. Ting me i utgangspunktet ikkje trudde me brydde oss om grip likevel inn i kvardagen vår. Det kan vere terror på den eine sida, sjuke ungar på den andre. Arbeidsløyse, restskatt og dårleg start i Eliteserien. Det er meir enn nok å bli stressa av.
Stressa folk er heller ikkje bra å ha i arbeid. Difor kan ein håpe at mange får eit løft i påsken. Får bygd opp ny energi til å drive AS Noreg eller AS Tysvær vidare.
For å bygge energilagra opp igjen er me i vårt land så heldige at det offentlege strekk seg langt for at det skal vere både lett å komme seg ut og kvalitet på fritidstilboda. Det kan vere i turløyper i sentrumsnære strøk, eller i fantastisk preparerte løyper til fjells. Me takkar og bukkar og går nærast i kø når sola skin.
Eg veit ikkje om me skal takke for at det blir bygd turløyper, for det er vel våre skattekroner som går til ein del av dette, og dei som utførar arbeidet har det som jobb. Likevel må dette vere noko av det som gjer oss nordmenn så lukkelege på alle desse «lukkemålingane». Me har det meste, og me har det tett på der me bur. Og det beste av alt – det er gratis.
For det er lite som slår ein tur ut i vakkert vårvêr. Då boblar optimismen i oss. Til og med naboen dukkar opp og seier hei.
Så oppfordringa frå oss i Bygdebladet, som nå straks tar ein kort ferie er; Kom deg ut i sola (eller regnet) fyll opp lageret med energi, og gå forsommaren lystig i møte.
Det har me tenkt å gjere, og planlegg oppgraderingar både i avisa og på nett etter ferien. Då skal det vere betre enn nokon gong å vere abonnent av Tysvær Bygdeblad. Har du ikkje abonnement bør du bruke påsken til å fikse det.
Så møtes me ein eller annan stad i Tysvær før ein veit ordet av det.
Ha ein fin og positiv påske alle saman, helsing oss seks i lokalavisa di.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør