Dei hadde mykje å fortelje om ei vanskeleg sak. Jarle Hoseter, Anette Grønning og Bente Skårtun vil at dei som har blitt utsatt for overgrep tar kontakt.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dei hadde mykje å fortelje om ei vanskeleg sak. Jarle Hoseter, Anette Grønning og Bente Skårtun vil at dei som har blitt utsatt for overgrep tar kontakt.

– Våg å snakke om sex og overgrep

– Det er ikkje din feil. Våg å snakke ut om overgrep. Elles kjem minna tilbake igjen som ein bomerang.

Etter at Tysvær kommune gjekk ut og lova at dei for alvor skulle rydde opp i overgrepsaka som for ein del år sidan sjokkerte heile kommunen, komutsattmann.no og Smiso (Senter mot incest og seksuelle overgrep) på besøk i førre veke.
– Det som må vere eit utgangspunkt i det vidare arbeidet nå er å få til dialog med alle som på ein eller anna måte er involvert i incest, seksuelle overgrep eller liknande. Å tru at dette går over av seg sjølv har me erfaringar med, at ikkje er tilfelle. Sorgreaksjonar og liknande kjem igjen og igjen. Ofte med svært alvorlege konsekvensar. Me ser at mange søker seg til dårlege miljø der narkotika og alkohold øydelegg liva deira. Det verste er at dei trur det er deira eigen feil at det blei slik, seier Jarle Holseter som er dagleg leiar i nettportalen utsattmann.no.
Han veit kva han snakkar om. Han har sjølv gått den tunge og vonde vegen via rus før han fekk hjelp og nokon å snakke med.
– Me har ei nettside der det er lågterskel å sende inn spørsmål, eller berre ta kontakt. Me er per i dag fem personar som svarer på det som kjem inn. Det er viktig å få fram at dette er eit tilbod der ein kan vere anonym. Målet er å hjelpe dei som tar kontakt vidare til mellom anna senter som Smiso. Me har gode erfaringar med å snakke med personar som har vore utsett for overgrep, sjølv mange år etter at det har skjedd. Så vår oppfordring er sjølvsagt at folk tar kontakt, seier Holseter.

Les heile saka i papiravisa.