Frakkagjerd utgjer saman med Førre det klart største oppvekstområdet i Tysvær. 5-6000 av kommunens 11000 innbyggjarar bur her.  Og no blir det større. Illustrasjon: Tysvær kommune
Frakkagjerd utgjer saman med Førre det klart største oppvekstområdet i Tysvær. 5-6000 av kommunens 11000 innbyggjarar bur her. Og no blir det større. Illustrasjon: Tysvær kommune

Eit skritt vidare for Skeiseid

Det nærmar seg bustadbygging på Skeiseid. Trass i motstand frå fylket og nabokommunar, har Tysvær kommune stått på for å komme i gang bustadane på Skeiseid.

Tysdag førre veke hadde kommunestyret områdereguleringsplanen til andregongsbehandling.
– Dette har vore eit langt politisk arbeid. Eg er stolt over at me har vist stayer-emne. Dette passer godt inn i Tysvær sin bustadstrategi, og vil generere store inntekter. Skeiseid blir eit fantastisk bu- og oppvekstområde, og det vil antakeleg også auke sjansen for eit betre kollektivtilbod framover, kommenterte Terje Knoff (H).
– Me gler oss og ønsker dette området – med eit variert tilbod av bustadtypar, velkommen. No får me også høve til å gjere noko med området estetisk sett, sa Anita Halsnes (AP) frå talarstolen.
Svein Terje Brekke (KRF) tok til ordet for kollektivtrafikken.
– Då rutene på Haugalandet skulle bli lagt om, bestemte fylket seg for å fjerne rute 09. Det skulle bli så mykje betre, meinte dei. Når me no planlegg dette bustadområdet, får me kritikk for at me ikkje har ein plan for busstransporten der, men kven lager planane? Når me nesten er i mål, så kutter dei tråden. Det er slik det kjennest ut. Her må kommunen må ta skjea i eiga hand. Me må invitere Kolumbus til ein samtale, sette foten ned og seie korleis me vil ha det. Dette utfrodrar eg ordføraren til å få til, fastslo han.
Ordførar Sigmund Lier lova å ta saka vidare.